Omtveit » Om meg

Om meg

Eg heiter Åsne og er fødd i 1992. Eg bur i Seljord i Telemark. Leiger ein kjellarleileghet åleine.

Eg er gald i dyr, musikk og natur. Eg likar å strikke, trene og klatre. Eg er óg glad i å lage ting. Og så er eg veldig glad i å ta bilete/fotografere. For tida nyttar eg mest min iPhone 6 til å ta bilete med. Elles tek eg bilete med mitt spegelreflekskamera, Nikon D5000 med objektivet AF-S Nikkor 18-55mm f/3.5-5,6G II ED. Eg er det eg vil kalla for ein «amatørhobbyfotograf». Eg driv og eksprimentarar med spegelrefeklskameraet mitt og redigering av bilete. Motiva eg er mest glad i å ta foto av er motljos, landskap, blomar, planter og elles detaljar.

I ryggsekken
Eg veit ikkje heilt kvar eg skal byrje, men får berre byrje ein stad. Nokre folk har ein lettare historie liggjande i ryggsekken. Eg har nok ei litt tyngre ei. Utan å samanlikne. Eg har ei psykiatrisk historie bak meg. Den er framleis ikkje avslutta. Men det jobbast flittig med å få ein lettare kvardag – ein kvardag som eg kan meistre bra og som eg kan leva med.

Eg skal ikkje gå i detaljar i historia mi, men eg vil fortejle litt kort. Eg ynskjer ikkje å dele for mange detaljar då eg ikkje ser hensikten med det, og heller ikkje vil eg påverke andre negativt – setje andre på idéar om korleis dei til dømes kan skade seg sjølv. Eg veit kor påverkelege folk kan vere. Kor stor smitteeffekten kan vere. Kor mykje ein kan triggje kvarandre negativt. Det har eg vore vite til og kjend på – her på internett. Smtidig må eg jo fortelja litt. Slik at de forstår.

Eg har forsåvid slite psykisk så lenge eg kan hugse. Heilt sidan slutten av barnehagen/byrjinga av barneskulen. Då eg forstod kva kjensler, smerte og vonde ting dreia seg om. Det byrja i det små. Eg blei mobba. Passa ikkje inn. Sleit med det sosiale. Var ofte det «femte hjulet på vogna». Mobbinga og utestengjinga hald fram til og med vidaregåane. Det fyrste året der hadde eg ingen faste å vera med. Eg var mykje åleine. Det var då dei psykisk sjukdoms-symptoma byrja og kom gradvis til synet. Sjølvsakding. Utvikla óg eit dåleg forhold til mat/kropp. Eg var ofte nedfor og sleit med mitt eige sjølvbilete. Hadde dårleg sjølvtillitt. Sleit med å passe inn. Symptoma kom og gjekk. I periodar. Fram til våren 2012. Då sa det «stopp». Familien visste litt frå før av, men nå fekk dei vita meir. Eg fekk ein akuttlegetime og blei henvist til eit DPS. Kom fort inn i systemet – heldigvis. 2012-2013 fekk eg diagnosene «Uspesifisert spiseforstyrrelse» og «Depresjon av moderat grad». Eg gjekk på folkehøgskule dette året. Eg holdt mykje av sjukdomssymptoma i sjakk. Ting gjekk tåleg bra. Heilt til sommaren etter. Og hausten/vinteren etter det att. Eg byrja som deltidselev ved ein lokal vidaregåande skule. Tok eit par realfag. Skulle jo bli anten Ingeniør eller Meteorolog. Dette var det vansklegaste året eg nokon gong har hatt. Eg sleit med svært dårleg meistringskjensle. Hadde ingen jamngamle å vera med. Var stort sett berre med mamma og pappa på fritida. Eg tålte heller ikkje presset med å skulle vera flink, få til ting, vere glad osb. Det bleir rett og slett for mykje stress. Det førte til ei rekkje alvorlege sjølvskadingsepisodar. Eg blei lagt inn på DPS. Slutta i helge/sommarjobben min. Blei utreda for mogleg personleghetsforstyrrelse. Men var vanskeleg å diagnostisere og fylte heller ikkje alle kriteriane for sikkert å få ei dignose her. Vinteren 2014 blei eg utreda og fekk diagnosa «Asperger Syndrom». Det forklarar ein heil del om situasjonen min, kvifor ting har vore som dei har vore heilt sidan eg blei fødd. Kan forklare kvifor eg blei mobba. Kvifor eg følte meg så annleis.
Etter nye sjølvskadingsrunder vinteren/våren 2014, blei eg lagt inn på nytt. Og var der heilt fram til sommaren 2014. Eg fullførte til tross dette skuleåret. Ting blei litt lettare når dette kapittelet var avslutta. Eg byrja aldri på nokon høgskule/universitet. Eg byrja på aap frå Nav. Hausten 2014 blei eg søkt inn og byrja i ei attføringsbedrift. Var i ei slik verna gruppe, trur eg. Skulle finne ut av det med skule/arbeid i framtida. Å vere der bleir for vanskeleg, så eg måtte avslutte. Sidan det har eg korkje gått på skule eller vore i arbeid.

Sidan 2014 har eg arbeida mykje med meg sjølv. Eg har fått tatt ting i mitt eige tempo. Utan press. Utan forveningar. Det blir respektera av familie/vener. Det er eg glad for! Og våren/sommaren 2015 bestemde eg meg fo å ta eit tak i situasjonen min. Eg orka eller ville ikkje lenger vere sjølvdestruktiv. Såg óg kor mykje smerte eg påføra familien min/vener med min destruktivitet. Så nå har eg ein mykje meir strukturera kvardag. Og har vore skadefri sidan. Og ser meg ferdig med det. Det er historie nå. Eg har framleis mykje å jobbe med. Dagane går opp og ned. Som ein jo-jo. Men slik gjennomsnittleg går det mykje betre – i alle fall samalinka med året 2013/2014. Våren 2014 blei eg søkt inn i den kommunale psykatritenesta. Der får eg oppfølgjing i form av samtaler med kontakten min der. Eg kan vere med å aktivitetar som blir arrangera der. Og eg er med i ei friluftslivgruppe som har ein fast turdag i veka. Det er fint å vera med på!

Vil du lese meir om korleis kvardagen med asperger syndrom er? Då kan eg anbefale deg to bloggar. Helene sin blogg og Tina Marie sin blogg. Elles kan du finne mykje informasjon andre stadar på nett. Men hugs, det er svært mange individuelle skilnadar. Så det som stemmer for ein person, kan vere heilt feil for ein annan. Akkurat som å vere menneske. Dei beskriv sin kvardag med sin diagnose. Min kan vere heilt annleis. Men ein del ting har me jo til felles.

Og til slutt vil eg presiserer at dette ikkje skal vere ein typisk psykisk helse-blogg eller asperger-blogg. MEN ein blogg om min kvardag. Med eller utan diagosa. Hugs at eg er Åsne. Diagnosa mi er berre eit namn på vanskane og utfordringane mine. Eg er Åsne med mine verdiar, med mine hobbyar, med ting eg likar å halde på med. Diagnosa folkarer jo eigentleg berre kvifor visse ting er som dei er. Og så for å få dei rettighetane eg har krav på. Eit døme på det er hjelp og tilretteleggjing.

Folkehøgskulen
Etter vidaregåande gjekk eg eit år på folkehøgskule. Hardanger folkehøgskule. Eg gjekk på linja friluftsliv. Det er eit år eg absolutt ikkje ville vore forutan! Det er eit av dei beste åra mtp. skulegang. Og generelt. Så flotte menneske eg møtte der, og så fine aktivitetar og opplevingar. Me var bl.a. til Marokko og gjekk i Atlasfjella og seinare på turen drog me ut til kysten og surfa. Me kryssa Hardangervidda på ski (Imingfjell – Kinsarvik, vel 12 mil fordela på 6 gådagar). Me hadde eit solodøgn der me drog åleine ut på tur og skulle klare oss sjølve i eitt døgn.
Elles hadde me ganske mange valfag gjennom året. Nokre av faga eg hadde var keramikk, buldring, klatring, strikking, etikk, bokfag. Det var på folkehøgskulen at eg blei glad i å klatre. Me var ein gjeng som klatra i ei periode fast 2-3 kveldar i veka. Det var artig. Rundt påsketider dette året slo eg faktisk fleire av gutane på mi eiga alder i handbak!

Vidaregåande og gardslivet
På vidaregåande gjekk eg på den gongen Søve vidaregåande skule. Der gjekk eg løpet til VG3 Landbruk og fekk det ein kallar for agronomutdanning. Eg er oppveksen på gard der me dreiv med sau. Målet ein gong var å ta over drifta, men eg fann etterkvart ut at det blei for mykje arbeid. Garden er for liten til å drive på heiltid (som då gjer til at ein må ha ein ekstra jobb for å tene nok = frykteleg mykje arbeid) og for stor til å drive hobby. Så nå er garden solgt og mamma og pappa har flytta til eit lite småbruk der dei berre har kjæledyra med seg. Det er dog mykje mindre arbeid der mtp. vedlikehald osb. Jordbruksareala blir derfor leigd ut til både beiting og slått.
Eg tok eit ekstra år på påbygg for å få generell studiekopetanse.

Fritid
Eg var med i 4H. Fullførte alle åra slik at eg fekk «plaketten». Hadde mykje oppgåver med dyr, og elles hadde eg handarbeidsoppgåver, fotografering og friluftsliv. Eg var med på eit par leirar og nokre kurs.
Eg spela fotball i nokre år på barneskulen. Eit år på handball på ungdomsskulen. Rei og dreiv med hest i fleire år. Hadde hest på fôr i eit år. Var på fleire rideleirar/samlingar/konkurranser. Spela fiolin i 4 år på barneskulen. Piano i 3 år på ungdomsskulen/vidaregåande. Hausten 2015 tok eg oppatt fiolinspelinga som vaksen her i den lokale kulturskulen. Eg har sakna å spele og angra på at eg slutta. Så var fint å byrje att!