Omtveit » La Seljord DPS stå!

La Seljord DPS stå!

La Seljord DPS (distriktspsykiatrisk senter) få stå. Personleg synst eg at psykisk helse skal prioriterast. Var ikkje eit av måla til regjeringa å satse meir på akkurat dette med psykisk helse (og då refererer eg spesielt til det Erna Solberg sa i nyttårstala si)?

Når ein slit psykisk, er det å kunne ha behandlingstilbod i nærområdet av der ein bur, ein viktig ting. Ein tryggleik. Ein gjer jo avstandane endå lenger enn dei allereie er, ved å sentralisere Seljord DPS til Notodden. Då vil terskelen for å be om hjelp for folk som treng det, bli endå høgare.

Og forresten, er ikkje Noreg eit av verdas rikaste land? I staden for å bruke pengar på nye prosjekt som shoppingsenter, matbutikkar osb, burde ein heller styrke det som allereie er der frå før av. I tillegg støtte opp om viktige tilbod som Seljord DPS.

Oss brukarar treng så sårt å oppretthalda det psykiatriske tilbodet i nærmiljøet!

ikkje_legg_ned_seljord_dps

Les artikkelen her. Les óg TA’s artikkel her.
Denne teksten er opprinneleg posta 28.01.14 på facebooksida mi.

Skriv ein kommentar

«