Omtveit » 2016 » mai

Surre-Åsne

Folk vil nok sjå på meg som ein veldig strukturera person med kontroll på sakene sine. Og det stemmer. Eg er ein person som held styr på avtaler, tidspunkt, datoar osb. Men eg kan vere veldig surrete og distré óg. Slik alle kan vere.

Eit døme på det er dette; Eg hadde vore på do. Trudde eg. Eg må i alle fall ha dratt ned på rein automatikk, for doen var rein. Stod så å vaska hendane. Og då kom eg plutseleg til å lure på om eg faktisk hadde vore på do. Hm… Eg blei veldig usikker. Så det enda med at eg måtte setja meg ned på doen att, presse litt, for så å finne ut at eg faktisk hadde vore på do. Haha, så måtte eg vaske hendane att og kunne så gå ut frå badet og vera ferdig med mitt! Eg måtte le av meg sjølv då!

Du er sterk!

Bak skyene er det alltid blå himmel! Etter mørkeret kjem alltid ljoset! Ein må ikkje gje opp sjølv når ting er som tyngst! Ein må halde håpet oppe! Ein må berre ha tolmod nok – så blir ting betre! Det skjer sjeldan eit mirakel over natta, men med jamn jobbing over litt tid, så kan ting endre seg. Ein må vere god mot seg sjølv. Seie gode ting til seg sjølv. Glede seg over dei små tinga. Aktivisere seg sjølv. Og kanskje ha ei lita dose sjølvironi og ikkje ta seg sjølv fullt så høgtideleg. Likevel er det viktig å ta ting alvorleg når det trengst.
Du er sterkare enn du trur!

IMG_1498

(Opprinneleg posta på min instagramprofil 29.10.15)

Bruk sikkerhetsbelte!

Bruk sikkerhetsbelte – det er alltid nokon som er glad i deg!

Det fell seg like naturleg inn for meg å ta det på i buss som i bil. Blir det bråstopp i buss, kan eit usikra menneske som sit langt bak (og elles kvar som helst), bli eit livsfarleg objekt for både seg sjølv og for alle dei andre som befinn seg på bussen!
Sjølv på korte turar er det viktig å bruke belte! Det er når ein minst ventar det, at ei ulykke kan inntreffe…
Det er ukult og ikkje bruke sikkerhetsbelte!

11150923_10153494645940049_872013150300537159_n

(Opprinneleg posta på min instagramprofil 07.09.15)

Zizzi Top

I går kveld kom pappa heim med ein ny kvalp. Ei Border Collie tispe. Ho er fødd 16. mars nå i år.
Det er stas å ha ein liten kvalp att! Håpar på mange fine stundar framover i lag med ho!

IMG_3817
IMG_3807
IMG_3801
IMG_3799
IMG_3797

Artige fakta er me glade i

– Har vore i Sør-Afrika, Spania: Tenerife, Hellas: Kos og Kreta, Egypt, Marokko, England (London), Guatemala, Sverige, Danmark, Tyskland, Polen og Floriad, USA.
– Har spela fiolin i totalt 5 år (fire år på barneskulen og nå snart eitt år som vasken), piano i 3 år, fotball i ca 5 år, handball i eitt år, har ridd i fleire år og har vore med i 4H i alle åra ein skal for å kunne få «Plaketten».
– Har jobba som kjøkkenassistent (i helgar og i feriar) på eit hotellkjøkken i ca 5 år.
– Den mest avspela songen eg har, har eg avspela 4660 (+ 543 for versjon nummer to) gonger. Og det sidan oktober 2012. Og når eg får skikkeleg dilla på ein melodi kan eg setja den på repetisjon og spele den i over 2 timar i stekk!
– Eg elskar klassisk musikk.
– Eg kunne skiltnummeret til behandlaren min sin bil, men nå har ho fått seg ny og eg veit ikkje korleis den ser ut. Har nemleg ikkje funne det ut endå. Men eg trur eg veit det.
– Eg har hatt hest på fôr i eitt år.
– Eg sparer på alle billettane frå ting eg har vore med på. Sparer ikkje på buss- og togbillettar då, i og med at det har vore og blir ein del av desse turane.
– Eg er i slekt med dronning Sonja. Meir spesifikt, 9-menning med prinsesse Ingrid Alexandra & CO.
– Eg var avhengig av PepsiMax-brusen i ca 4 år og kunne drikke opptil 3 L i døgnet. Har ikkje drukke det på snart to år nå. Men drikk litt vanleg Coca Cola innimellom for å kose meg.
– Kan mange forskjellige triks med tunga, og vann faktisk talentkonkurransen me hadde på folkehøgskulen med nettopp alle tungetriksa mine.
– Når eg et og eg brukar gaffel og kniv, har eg alltid gaffelen i høgre hand og kniven i venstre. Et eg berre med gaffel, har eg den i høgre hand, dvs. har alltid gaffelen i høgre hand. Skjer eg opp mat, nyttar eg høgre hand.
– Eg hatar kveps og ketchup.
– Har aldri hatt kjærast. Har nemleg ikkje vore interessera i slikt.
– Eg er konfirmera Borgarleg, altså stått til Humanistisk konformasjon.
– Det lengste eg har vore oppe i strekk er ca 37 timar. Var på konfirmasjonsleiren, Camp Refugee.
– Har grov humor-sans.
– Ein gong då eg stod på ski, løpte eg nesten på tre stk elgar som kryssa vegen. Måtte faktisk bremse.
– Eg har samla på ganske mange kilo totalt med stein. Då familien skulle heimatt frå Tenerife (var 6 år gamal), måtte storebror min bera kufferten for meg. For den var for tung for meg å bera. Hadde nemleg tatt med meg så mykje stein.

1843895-11-1429226635248 copy

Å skriva dikt

trestokkarr
Eg skulle ynskje eg var flink til å sriva dikt
For eg er igrunnen elendig på slikt
Det vert berre vas
Vas utan raud tråd
Berre tilfeldige ord og setningar
Slengt ihop i ei rotete blanding
Med null bilete, motiv eller andre viktige verkemiddel som høyrer dikt heime hjå

Eg skulle ynskje eg var flink til å skrive dikt

Dette innlegget er opprinneleg posta 26.02.14 på min tidlegare blogg.

Dagens tur

Eg er med i ei friluftslivgruppe og me har fast turdag torsdagar. I dag tok eg med meg spegelreflekskameraet mitt og knipsa nokre bilete. Og jammen fekk eg nokre ålreite foto. Dei er littegranne redigera i «Adobe Photoshop Elements».

Eg har lenge nytta mobilen min til å ta bilete med. Nå ville eg ta fram kameraet mitt att! Det var ein av to hovudgrunnane til at eg ville byrje å blogge att. Ein, for å utrykke meg. To, for å få motivasjon til å ta fram kameraet, redigere bilete, få system i fotomappene på pc-en, og vise fram bileta til andre – kanskje spreie litt inspirasjon!

Attende til turen. Turen gjekk frå Øvsttveiten til Havretjønni og til Øvsttveiten att, Seljordsheii, Seljord. Det var ganske så fint vêr! Håpar de likar bileta!

DSC_0024
DSC_0028
DSC_0051
DSC_0057
DSC_0065
DSC_0067

Bli betre kjend med meg

Eg tenkte eg ville poste eit lite innlegg med nokre artige fakta om meg. Så kanskje du blir litt meir kjend med denne personen som står bak denne bloggen?

Ok. Her kjem dei:
– Eg er utruleg svak for fiolin- og orgelmusikk.
– Mitt største barndomsidol (og forsåvidt endå) er fiolinisten Vanessa-Mae.
– Eg synst program som omhandlar operasjonar er skikkeleg fascinerande. Synst óg program som «Pinlige sykdommer», «Hundepatruljen Oslo», «Alarm 112» osv. er skikkeleg spanande!
– Eg er fødd kl 23:59 på døgnet.
– Eg ELSKAR graut. Det er vekas (har det fast kvar laurdag) høgdepunkt når det kjem til måltid. Risengrynsgrauten er den aller, aller beste. Betre enn til dømes taco!
– Rekorden min på å halde pusten er på heile 2 min og 36 sek.
– Eg elskar «The Julekalender». Den humoren er midt i blinken for meg!
– Å vera fødselshjelp i lamminga er noko av det artigaste eg veit. Det er skikkeleg moro å ta imot lam!
– Eg har grilla Marshmallows på ein vulkan!
– Eg er faktisk ganske god i «Limbo»!

IMG_3524

Slankemetoden «Aspire»

Unnskyld meg, men kva er poenget?

Akkurat som om det ikkje er nok problem frå før av med tanke på negative tankar og kjensler i forholod til det med mat og kropp, vil dei presentere endå ein type slankemetode.

Altså, det blir jo ein slags form for bulimi, det vil eg tøra å påstå. Kanskje ikkje slik direkte ved at ein stikk fingrane i halsen og/eller brukar andre destruktive metodar for å «reinse» seg, men på ein måte indirekte. Løyser slett ingen problem, spør du meg.

Ein ville kanskje ikkje fått fullt like mange fysiske plager og skader som ved «vanleg» bulimi, men ein god del likevel, trur eg. Ein får kanskje ikkje syreskader i spiserøret og på tennane, raude og hovne auge, skikkeleg sår hals, sure oppstøyt, stygg og tørr hud (ekstra kviser), gnagesår på hendane av tennane, (lista er lang), ved bruk av denne metoden. Men eg trur vel ikkje plager som svimmelhet, utmattelse, type forstyrrelser i kroppen, mangel på viktige stoff osb, vil minke, ved å halde på å tømme seg. Tarmsystemet blir trøblete og konsentrasjonen dårlegare, ein blir nedstemd og energitom. Ein føler seg rett og slett som ein zombie.

Om ein slit med overvekt og fedme (og spiseforstyrrelser generelt), har eg trua på eit regelmessig og passeleg sunt kosthald og i tillegg fysisk aktivitet pluss ein del andre faktorar, for å få bukt med problemet, og å bli rusfri. Ja, for det å eta og eta og eta, det blir ein slags rus, det. Euforie. Kan på ein måte samaliknast med Heroin. Avhengighet. Kroppen synst ikkje noko om det, men hjernen skrik etter mat. Tynt forklara.

Det som oftast ligg bak ein spiseforstyrrelse, anten det er etevegring, oppfylling med renselse som følgje, tvangseting eller ein form for uspesifisera, er vode tankar og kjensler. Ein (mis)brukar mat for å regulere kjenslene sine.

For det fyrste, ein blir ikkje akkurat kvitt ulvehungeren ved å tømme seg etter at ein har fråtsa i mengder ønska mat. Ei heller det motsette. Den blir bare kraftigare. Skal ein bli kvitt ulvehungeren, må ein leve firkanta på det med kosthold ei godt beite, før ein kanskje kan bli kvitt problemet (meiner eg).

Denne metoden vil ikkje akkurat hjelpe folk, vil den? Metoden vil jo berre forsterke eit allereie stort problem med mat. Finne nye, altfor lettvinde (og dårlege) strategiar for å løyse problemet med for mykje inntatt mat. Burde ikkje løysinga vere god og regelmessig psykologisk hjelp, oppfølgjing av lege, ernæringsfysiologar og fysioterapeutar osb. i staden?

Om det skulle vere slik at denne metoden for å slanke seg, berre er til fordi visse folk skal tene pengar, så er det frykteleg egoistisk gjort å finne på noko slikt. Idiotisk. Respektlaust. Mangel på vit og fornuft. Samfunnet me lever i den dag i dag (vesten) blir ikkje akkurat betre av slikt.

Og, ja, eg veit at artikkelen er gamal, men lenkja har eg hatt lagra lenge. Eg håpar verkeleg at denne metoden ikkje har fått gjennomslag.

aspireslanking

Trykk her for å kome til artikkelen.
Denne teksten er opprinneleg posta 31.01.14 på facebooksida mi.

La Seljord DPS stå!

La Seljord DPS (distriktspsykiatrisk senter) få stå. Personleg synst eg at psykisk helse skal prioriterast. Var ikkje eit av måla til regjeringa å satse meir på akkurat dette med psykisk helse (og då refererer eg spesielt til det Erna Solberg sa i nyttårstala si)?

Når ein slit psykisk, er det å kunne ha behandlingstilbod i nærområdet av der ein bur, ein viktig ting. Ein tryggleik. Ein gjer jo avstandane endå lenger enn dei allereie er, ved å sentralisere Seljord DPS til Notodden. Då vil terskelen for å be om hjelp for folk som treng det, bli endå høgare.

Og forresten, er ikkje Noreg eit av verdas rikaste land? I staden for å bruke pengar på nye prosjekt som shoppingsenter, matbutikkar osb, burde ein heller styrke det som allereie er der frå før av. I tillegg støtte opp om viktige tilbod som Seljord DPS.

Oss brukarar treng så sårt å oppretthalda det psykiatriske tilbodet i nærmiljøet!

ikkje_legg_ned_seljord_dps

Les artikkelen her. Les óg TA’s artikkel her.
Denne teksten er opprinneleg posta 28.01.14 på facebooksida mi.

Hei

Velkomen hit til omtveit.com! Eg heiter Åsne Omtveit og det er eg som eig dette domenet. Eg kjem til å bruke denne sida som blogg. Ein blogg om min kvardag. Eg er glad i å ta bilete, så bileta som blir posta her er tatt av meg om ikkje ana er nemd. Alle bilete av andre er godkjende av dei før eg har publisera dei. Elles kan du lesa meir om meg her. Eg håpar du likar sida mi og vil følgje meg vidare framover. Takk for oppmerksomheten!

IMG_1960

Legg ved eit bilete av meg og katten min Gråtass.
Ein katt som betyr utruleg mykje for meg og som eg er så veldig glad i!