Omtveit » psykisk helse

Slankemetoden «Aspire»

Unnskyld meg, men kva er poenget?

Akkurat som om det ikkje er nok problem frå før av med tanke på negative tankar og kjensler i forholod til det med mat og kropp, vil dei presentere endå ein type slankemetode.

Altså, det blir jo ein slags form for bulimi, det vil eg tøra å påstå. Kanskje ikkje slik direkte ved at ein stikk fingrane i halsen og/eller brukar andre destruktive metodar for å «reinse» seg, men på ein måte indirekte. Løyser slett ingen problem, spør du meg.

Ein ville kanskje ikkje fått fullt like mange fysiske plager og skader som ved «vanleg» bulimi, men ein god del likevel, trur eg. Ein får kanskje ikkje syreskader i spiserøret og på tennane, raude og hovne auge, skikkeleg sår hals, sure oppstøyt, stygg og tørr hud (ekstra kviser), gnagesår på hendane av tennane, (lista er lang), ved bruk av denne metoden. Men eg trur vel ikkje plager som svimmelhet, utmattelse, type forstyrrelser i kroppen, mangel på viktige stoff osb, vil minke, ved å halde på å tømme seg. Tarmsystemet blir trøblete og konsentrasjonen dårlegare, ein blir nedstemd og energitom. Ein føler seg rett og slett som ein zombie.

Om ein slit med overvekt og fedme (og spiseforstyrrelser generelt), har eg trua på eit regelmessig og passeleg sunt kosthald og i tillegg fysisk aktivitet pluss ein del andre faktorar, for å få bukt med problemet, og å bli rusfri. Ja, for det å eta og eta og eta, det blir ein slags rus, det. Euforie. Kan på ein måte samaliknast med Heroin. Avhengighet. Kroppen synst ikkje noko om det, men hjernen skrik etter mat. Tynt forklara.

Det som oftast ligg bak ein spiseforstyrrelse, anten det er etevegring, oppfylling med renselse som følgje, tvangseting eller ein form for uspesifisera, er vode tankar og kjensler. Ein (mis)brukar mat for å regulere kjenslene sine.

For det fyrste, ein blir ikkje akkurat kvitt ulvehungeren ved å tømme seg etter at ein har fråtsa i mengder ønska mat. Ei heller det motsette. Den blir bare kraftigare. Skal ein bli kvitt ulvehungeren, må ein leve firkanta på det med kosthold ei godt beite, før ein kanskje kan bli kvitt problemet (meiner eg).

Denne metoden vil ikkje akkurat hjelpe folk, vil den? Metoden vil jo berre forsterke eit allereie stort problem med mat. Finne nye, altfor lettvinde (og dårlege) strategiar for å løyse problemet med for mykje inntatt mat. Burde ikkje løysinga vere god og regelmessig psykologisk hjelp, oppfølgjing av lege, ernæringsfysiologar og fysioterapeutar osb. i staden?

Om det skulle vere slik at denne metoden for å slanke seg, berre er til fordi visse folk skal tene pengar, så er det frykteleg egoistisk gjort å finne på noko slikt. Idiotisk. Respektlaust. Mangel på vit og fornuft. Samfunnet me lever i den dag i dag (vesten) blir ikkje akkurat betre av slikt.

Og, ja, eg veit at artikkelen er gamal, men lenkja har eg hatt lagra lenge. Eg håpar verkeleg at denne metoden ikkje har fått gjennomslag.

aspireslanking

Trykk her for å kome til artikkelen.
Denne teksten er opprinneleg posta 31.01.14 på facebooksida mi.

La Seljord DPS stå!

La Seljord DPS (distriktspsykiatrisk senter) få stå. Personleg synst eg at psykisk helse skal prioriterast. Var ikkje eit av måla til regjeringa å satse meir på akkurat dette med psykisk helse (og då refererer eg spesielt til det Erna Solberg sa i nyttårstala si)?

Når ein slit psykisk, er det å kunne ha behandlingstilbod i nærområdet av der ein bur, ein viktig ting. Ein tryggleik. Ein gjer jo avstandane endå lenger enn dei allereie er, ved å sentralisere Seljord DPS til Notodden. Då vil terskelen for å be om hjelp for folk som treng det, bli endå høgare.

Og forresten, er ikkje Noreg eit av verdas rikaste land? I staden for å bruke pengar på nye prosjekt som shoppingsenter, matbutikkar osb, burde ein heller styrke det som allereie er der frå før av. I tillegg støtte opp om viktige tilbod som Seljord DPS.

Oss brukarar treng så sårt å oppretthalda det psykiatriske tilbodet i nærmiljøet!

ikkje_legg_ned_seljord_dps

Les artikkelen her. Les óg TA’s artikkel her.
Denne teksten er opprinneleg posta 28.01.14 på facebooksida mi.